Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter

Fakta må fram

Aftenbladet har dokumentert at halvparten av dei norske militære som deltok i Golfkrigen har fått helseplager etterpå. Samtidig kjem det i land etter land rapportar om at Nato-soldatar i Kosovo er blitt sjuke.
Aftenbladet.no
Publisert 08.01.2001 07:39 - Oppdatert 08.01.2001 07:39
Fellesnemnaren for Golfkrigen og Kosovo er bruken av utarma uran i Nato-ammunisjon. Både frå Nato-hald og frå norske styresmakter er det tidlegare blitt avvist at denne ammunisjonen skulle innebera nokon spesiell helsefare. Nå viser det seg at det norske forsvaret tok utarma uran såpass alvorleg at norske Kosovo-soldatar på førehand vart åtvara mot risikoen for å bli forgifta av dette radioaktive stoffet.

Me skal passa oss for å dra for raske konklusjonar. Erfaringar frå blant anna Hiroshima og Tsjernobyl tyder på at kreft som følgje av stråling treng lenger tid enn 1-2 år for å utvikla seg. Men sjukdomsbildet etter Golfkrigen og Kosovo er likevel så påfallande at alle krefter nå må setjast inn for å få klarlagt samanhengane. Og det seier seg sjølv at alle fakta må fram i lyset. Verken Nato eller nasjonale styresmakter kan leva med den uvisse og dei mistankar som nå kjem fram.

Ei anna, og endå alvorlegare sak er konsekvensane for befolkninga i områda der utarma uran er blitt brukt. Dersom miljøet deira er blitt forgifta for mange tiår framover, var det sanneleg litt av ei frigjering Nato stod for.

Del:

Mer

Les også

  • Fra maraton til rullestol

    Et halvt år før Golfkrigen, sprang Ray Bristow London maraton. I dag er den britiske veteranen avhengig av rullestol.

  • Nødhjelpere krever fakta på bordet

    De største norske hjelpeorganisasjonene krever at Regjeringen skaffer fram alle fakta om en eventuell sammenheng mellom utarmet uran og sykdom.

  • Irak mener å ha uran-bevis

    Irakiske forskere er sikrere enn noen gang på at det er en sammenheng mellom amerikanernes bruk av utarmet uran (DU) under golfkrigen og helseproblemene som har oppstått blant barn i ettertid.

Kundesenter

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Aftenbladet.no

Taxisjåfør dømt for seksuelt overgrep

En 23 år gammel taxisjåfør er dømt for seksuell handling uten samtykkke mot en kvinnelig passasjer (31) 8. februar i fjor.
Lokalt: Må i fengsel 3

Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter

Siste Kommentar

  • Slik blir KrF overflødig

    Inger Lise Hansen vil gjerne gjera KrF til eit parti som liknar til forveksling på Venstre eller det lyseblå Høgre. Men treng me eit slikt parti?

Kundesenter

Siste saker

Ukens kundeaviser
Skatt

Fornavn:

Etternavn:

Formuetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter